5 Andre forhold
5.1
Om tilrettelegging for kommunikasjonskontroll
Tilbyder av tilgang til offentleg telenett og offentleg teleteneste
pliktar etter telelova § 3-4 h og offentlignettforskrifta § 2-11 å
legge til rette for at lovbestemt tilgang til informasjon om
sluttbrukar og teletrafikk vert sikra. Reglane utgjer ein del av det
lovmessige grunnlaget for lovleg kontroll av teletrafikk og må sjåast i
samanheng med straffeprosesslova kap. 16a om avlytting og annan
kontroll av kommunikasjonsanlegg (kommunikasjonskontroll) som gjev
reglar om i kva tilfelle og på kva måte politiet kan krevje å få
gjennomført kommunikasjonskontrollen.
Hovudregelen er at politiet må innhente samtykke frå retten for å
gjennomføre avlytting og annan kommunikasjonskontroll. Annan
kommunikasjonskontroll kan vere å innstille eller avbryte overføring av
samtalar eller annan kommunikasjon til eller frå bestemte telefonar,
datamaskinar eller andre kommunikasjonsanlegg, å stengje slike anlegg
for kommunikasjon og at eigar eller tilbyder av nett eller teneste som
vert nytta ved kommunikasjon skal gje politiet opplysningar om kva
kommunikasjonsanlegg som i eit bestemt tidsrom skal setjast eller har
vore sett til i samband med andre anlegg, eller andre data knytt til
kommunikasjon.
Etter straffeprosesslova kan samtykke til kommunikasjonskontroll
berre verte gjeve dersom avlytting eller annan kontroll må ventast å
vere av vesentleg verde for å oppklare saka og at oppklaring i
vesentleg grad elles ville bli vanskeleggjort. Samtykke til
kommunikasjonskontroll vert gjeve for eit bestemt tidsrom, som
hovudregel ikkje for lengre tidsrom enn fire veker. I hastesaker, det
vil sei dersom det er stor fare for at etterforskinga vil lide dersom
det må hentast inn samtykkje frå retten, kan ordre frå påtalemakta tre
i staden for godkjenning frå retten. Men en slik avgjerd må leggjast
fram for retten for godkjenning seinast innan 24 timar etter at
kontrollen vart påbegynt.
Tilretteleggingsplikta etter telelova og offentlignettforskrifta er
teknologinøytral. Dette inneber at plikta også gjeld for tilbydere som
tilbyr mobiltelefonitenester. Dersom kommunikasjonskontroll skal kunne
gjennomførast som lagt til grunn i lovgjevinga, vil det ofte vere
naudsynt at tjenestetilbyder kan gje opplysningar til politiet om kven
eit bestemt telefonnummer er registrert på og i motsett høve kva for
telefonnumre ein bestemt fysisk eller juridisk person innehar eller
disponerer. Dette er igjen avhengig av at dei naudsynte persondata er
registrert hjå tjenestetilbyderen.
Gjennomføring av kommunikasjonskontroll og påfølgjande behov for
registrering av abonnentar og teletrafikk fører til vanskelege
avvegingar i forholdet mellom personvern og andre samfunnsinteresser.
Når Stortinget ved endringslov til straffeprosesslova (lov 03.12.1999
nr. 92) har gjeve reglar om når og på kva måte kommunikasjonskontroll
lovleg kan gjennomførast, må dette lede til at sektorlovgjevinga sine
krav til tilbyderne vert utforma og praktisert slik at dei ikkje er til
hinder for at krava etter straffeprosesslovgjevinga kan verte oppfylte.
Dette må også gjelde for reglar gjeve av styresmaktene på området for
personvern om lagring og behandling av personopplysningar.
Etter Samferdselsdepartementet sitt syn medfører plikten til
tilrettelegging for lovleg kommunikasjonskontroll etter telelova § 3-4
h og offentlignettforskrifta § 2-11 til at mobiltilbydarane må
registrere sine kontantkortabonnenter på lik linje med sine ordinære
abonnentar. Dette er gjennomført av Telenor Mobil AS, mens andre
tilbydere som til dømes NetCom GSM as har praktisert ei ordning med
frivillig registrering av persondata for sine kontantkortabonnenter.
Tidlegare kunne det vere ein viss tvil om det låg føre tilstrekkeleg
heimel for registreringsplikta i telereguleringa. Etter en endring i
teleloven § 3-4 d, jf. Ot.prp. nr. 87 (2000-2001 og Innst. O. nr. 121
(2000-2001) meiner Samferdselsdepartementet at det nå ikkje ligg føre
tvil om registreringsplikta.
5.2
Om stråling ved bruk av mobilkommunikasjon
I det siste har det vorte sett særskilt fokus på den mogelege
samanhengen mellom eksponering for elektromagnetisk stråling og
helseskadelege påverkinga hjå menneske ved bruk av mobiltelefon og ved
stråling frå basestasjonar.
Samferdselsdepartementet og Post- og teletilsynet er som ansvarlege
myndigheiter på området for radiokommunikasjon, opptekne av at bruk av
mobiltelefon og stråling frå basestasjonar ikkje skal utgjere ein
risiko for befolkninga si helse. Sjølv om det formelt sett er
Helsedepartementet og Statens strålevern som har myndigheit og
kompetanse på området for stråling, meiner Samferdselsdepartementet at
andre myndigheiter, operatørar og utstyrsprodusentar også må ha eit
ansvar for å ivareta tryggleiken til befolkninga i samband med
mobilkommunikasjon og radioverksemd generelt.
5.2.2
Retningslinjer
Mobiltelefonar og basestasjonar er i realiteten radiosendarar som
overfører (transmitterer) radiobølgjer. Radiobølgjene inneheld
elektromagnetisk energi. Energien kan verte avsett i kroppen ved
eksponering og ha til konsekvens at vevet i kroppen vert oppvarma. Om
oppvarminga er større enn det kroppen sine eigne mekanismar sjølv kan
handtere, kan dette ha ein helseskadeleg effekt. Eit mål på kor mykje
energi som vert absorbert i vevet i kroppen er den spesifikke
absorpsjonsraten (Specific energy Absorption Rate (SAR)), som vert
angitt i watt per kilo.
I samband med mobilkommunikasjon kan det skiljast mellom to ulike
eksponeringssituasjonar; eksponering ved bruk av mobiltelefon, og
stråling frå basestasjonar.
Det er utvikla internasjonale retningslinjer for å verne befolkninga
og eksponerte yrkes grupper mot kjente, akutte effekter som kan oppstå
ved tilstrekkeleg grad av eksponering. Retningslinjene fastset
grenseverdiar for maksimal energiabsorpsjon i kroppsvevet (SAR). Det er
også oppstilt verdiar for elektrisk og magnetisk feltstyrke i det
elektromagnetiske feltet frå radiosendaren. Grenseverdiane inkluderer
store sikringsmarginar, og er strengare for vanleg befolkning enn for
yrkesgrupper som er spesielt eksponerte.
Det finnes per i dag ikkje ei nasjonal forskrift som fastset
grenseverdiar for eksponering. Statens strålevern nyttar i staden
internasjonale retningslinjer utarbeida av ICNIRP (International
Commission on Non-Ionizing Radiation Protection).
Også verdas helseorganisasjon (WHO) har sett eksponering for
elektromagnetiske felt og moglege helseskadelege effektar på
dagsordenen. WHO har gjennom sitt internasjonale EMF[1
-prosjekt gjennomgått vitskapelege arbeid som er utført i samband med
mobilkommunikasjon. WHO slår fast at forskingsresultata så langt ikkje
tilseier at eksponering frå mobiltelefonar eller basestasjonar kan gje
helse skadelege effektar. WHO erkjenner likevel at forskingsmaterialet
kan vere utilstrekkeleg, og at vidare arbeid er naudsynt. WHO har sjølv
sett i gang ei stor epidemiologisk undersøking for mellom anna å
kartleggje eventuelle samanhenger mellom bruk av mobiltelefon og
hovud-/nakkekreft. Undersøkinga involverer meir enn 10 land, og er
forventa å verte fullført i 2003. WHO reknar med at forskingsresultata
vil vere ferdigarbeida og klare for publisering først om 3 til 4 år.
5.2.3
Eksponering ved bruk av mobiltelefon
Eksponeringa som ein vert utsett for ved bruk av mobiltelefon ligg
innanfor grenseverdiane som er fastsett internasjonalt, og
forskingsresultata så langt indikerer ikkje at det er behov for å vere
førevar utover gjeldande grenseverdiar. I motsetnad til basestasjonar i
mobilnettet, vert telefonen brukt nært inntil kroppen (hovudet) og
eksponeringa vert dermed lokal. Sjølv om utgangseffekten frå
mobiltelefonen er låg (0,2-0,6 W), vil feltstyrken i nærleiken av
hovudet kunne verte monaleg høgare enn det ein normalt vert utsett for
i nærleiken av ein basestasjon (fjernfeltseksponering)[2
.
Medan basestasjonar sender kontinuerleg, sender mobiltelefonane i
hovudsak berre under samtale. Utgangseffekten frå telefonen vert
justert også i høve til signalnivået frå basestasjonen. Generelt god
dekning i området inneber dermed at telefonen kan sende med lågare
utgangseffekt enn om avstanden til nærmaste basestasjon er stor (dårleg
dekning).
Mykje av forskingsmaterialet som ligg til grunn for grenseverdiane
gjeld eksponering av heile kroppen ved nivå som er høgare enn dei ein
til vanleg finn ved trådlaus kommunikasjon. Det er få studiar som gjeld
lokal eksponering av hovudet, slik det er tilfelle ved bruk av
mobiltelefon. WHO har gjennom sitt EMF-prosjekt identifisert spesielle
studiar som skal undersøke lokal eksponering.
5.2.4
Stråling frå basestasjonar
Basestasjonar i mobilnetta vert gjerne plasserte i nærleiken av,
eller innanfor tettbygga strok, og folk er som regel klar over at det
er ein eller fleire basestasjonar i nærleiken av bustaden.
Utrekningar utført av Post- og teletilsynet[3
. syner at stråling frå basestasjonar vert redusert til et nivå som
ligg innanfor det som er tilrådd allereie i nokre få meters avstand frå
antenna. I praksis må ein opphelde seg rett framfor antenna for å verte
eksponert. Resultata samsvarer med tall frå Statens strålevern[4
. Dersom ein tek omsyn til at dei fleste antennene vert monterte i
master, på hustak eller fasadar, vil ein person normalt ikkje opphalde
seg rett framfor antenna. Unntaka kan vere om huset har takterrasse,
eller om ein har balkong tvers over for gata for ei antenne som er
montert på fasaden til nabohuset. I det siste tilfellet vil avstanden
normalt vere stor nok til at eksponeringa ligg under gjeldande
grenseverdiar.
Eksponeringa ein vert utsett for ved å bu i nærleiken av ein
basestasjon er normalt sett mykje lågare enn ved bruk av sjølve
mobiltelefonen..
Strålingsnivåa frå basestasjonar i mobilnetta ligg hovudsak innafor
tilrådde grenseverdiar i områder der befolkninga oppheld seg til
vanleg. Det vitskapelege arbeidet som ligg til grunn for fastsetjinga
av grenseverdiar gjelder også i stor grad eksperimenter basert på
eksponering av heile kroppen. Dette er situasjonen ved opphald i
nærleiken av ein basestasjon. Det vert difor lagt til grunn av Post- og
teletilsynet at gjeldande normer er godt tilpassa stråling frå
basestasjonar og at grenseverdiane gjev godt vern mot helseskadelege
effektar dersom dei vert respekterte. Samferdselsdepartementet vil
likevel peike på at det bør visast aktsemd ved plassering av
basestasjonar i nærleiken av skuler og barnehagar, og at operatørane
bør vurdere å merke område der grenseverdiane eventuelt vert overskride.
Den lokale eksponeringa ved bruk av mobiltelefon er vanlegvis langt
høgare enn det ein vert utsett for ved stråling frå basestasjonar i
omgjevnadene. Eksponeringa ligg likevel innanfor gjeldande
grenseverdiar. Det er færre studiar som omtalar lokal eksponering og
WHO har identifisert område for vidare forsking. Gjeldande
grenseverdiar er heller ikkje spesielt tilpassa langtidseffektar som
følgje av lokal eksponering. Om forskingsresultat så langt ikkje viser
at det er behov for å vere førevar ved bruk av mobiltelefon, kan
personar som ynskjer det likevel lett redusere eksponeringa til dømes
ved å avgrense samtaletida, meir bruk av SMS eller ved bruk av
«handsfree».
5.2.6
Oppsummering og konklusjon
Sett i høve til gjeldande grenseverdiar er det liten strålefare
knytt til opphald i nærleiken av basestasjonar i område der befolkninga
til vanleg oppheldt seg. Samferdselsdepartementet understrekar likevel
at det må verte utvist varsemd ved plassering av basestasjonar, og det
bør eventuelt vurderast å merke områda der grenseverdiane vert
overskride.
Forskingsresultat så langt indikerer ikkje at det er behov for å
vere førevar ved bruk av mobiltelefon, men WHO har identifisert områder
for vidare forsking. Personar som likevel ynskjer å vere førevar kan
redusere eksponeringa ved å avgrense samtaletida, bruke meir SMS eller
«handsfree».
Samferdselsdepartementet er samd med Post- og teletilsynet i at det
bør vurderast å forankre dei internasjonale ICNIRP-normene i ei
nasjonal forskrift. Samferdselsdepartementet er positive til at ei slik
forankring skjer med heimel i Lov 12. mai 2000 om strålevern og bruk av
stråling (Strålevernlova) som høyrer inn under Helsedepartementet og
Statens strålevern sitt ansvarsområde.
[1
EMF-Electromagnetic field
[2
WHO faktaark nr. 193 om mobiltelefoner og basestasjoner
[3
Stråling fra basestasjoner og andre radiosendere -en sammenlikning av
beregnet feltstyrke og anbefalte normer for menneskelig eksponering,
finnes tilgjengelig på POST- OG TELETILSYNETs hjemmesider; www.nPost-
og teletilsynet.no
[4
StrålevernRapport 2000:5. Elektromagnetiske felt fra basestasjoner for mobiltelefoni.